|
Musica Sacra inviterer no til nytt Fagleg forum på Granavollen torsdag-laurdag 10-12.februar 2011.
Vi ser fram til gode føredrag og gode samtalar. Karl Gervin, Kjell Mørk Karlsen, Jørn Fevang, Trond Kverno, Terje Kvam og Anne Lise Ulsrud er mellom føredragshaldarane.
Musica Sacra inviterer også til
Sommarkurs på Romerike folkehøgskole 27.juni- 3.juli 2011, v26. Instruktørar i neste år Magne Harry Draagen- vaksenkor, Henrik Ødegaard- tidebøn og gregoriansk song, Corinna Stamm- orkesterleiar. Barne- og ungdomskorinstruktørane er ikkje klare enno. I tillegg vonar vi å få til eit orkesterprosjekt for unge musikarar lokalt. Vi ønskjer også velkommen til studiegrupper som ønskjer å ha sitt eige opplegg, men som vil ha høve til å bo på sommarkursstaden og evt. ta del i fellesmåltider, tidebøner, konsertar, føredrag og gudsteneste.
Styret var på synfaring på Romerike folkehøgskule 20.08.10, og vi gleder oss til å kunne invitere til ein kursstad som ligg fint til ved Nordbytjernet med tursti heile vegen rundt, gode kursfasilitetar, allsidig kyrkjelandskap og kort veg til Gardermoen.Hjarteleg velkomne alle i alle aldrar.
"Jeg vil love deg, Herre, og løfte hendene i ditt navn" (Sal.63, 5)
|