|
KONTINGENTBREV 2012 Jondal, 13.februar 2012
Musica Sacra ønskjer dykk alle ein flott vår. Takk til dykk som står som medlemmer i Musica Sacra, og på den måten er med og støttar både arbeidet med sommarkurs, fagleg forum og det generelle arbeidet Musica Sacra prøver å gjere mellom anna som høyringsinstans i liturgiske- og kyrkjemusikalske spørsmål.
No kjem Musica Sacra med ein fleirdelt invitasjon jamfør 2012-13;
1) )Musica Sacra sommarkurs på Sørlandet folkehøgskole 4.-8.juli 2012 (v27). NB! Dette blir 60 års jubileum for Musica Sacra og Sommarkurs nr.54. Hjelp oss å mobilisere til eit flott jubileumskurs no i 2012. Terje Kvam- vaksenkor, Tora- Sofie Harr- ungdomskor, Ragnhild Hadland- barnekor, kurs for orgelspirar.Meir om kurset elles finn de på vedlagte kursbrosjyre.
2)Fagleg forum for gudsteneste, liturgi, musikk og teologi 7-9.februar-13.
Sjå info på nett.
Medlemskontingenten for 2012 –
kr. 250,- for første vaksen medlem i ein familie,
kr. 150,- for andre vaksen familiemedlem og for studentar
kr. 50,- for born
kr. 750,- for kyrkjelege fellesråd (frå 2012 kan kyrkjelege fellesråd vere medlem med høve til å sende så mange rådsmedlemmer og tilsette som dei ønskjer til Musica Sacra sine arrangement, for medlemspris).
Gjennom medlemsskapet sitt i Ung Kirkesang får Musica Sacra Frifondsmidlar. Storleiken på tilskotet vert utrekna på bakgrunn av antal betalande medlemmer under 26 år. Det er difor viktig at alle, også borna i ein familie vert notert som medlemmar.
Merk innbetalinga tydeleg med kven det vert betalt kontingent for- og send samstundes namn, adresse, mobil, epost og fødselsdato til Musica Sacra v/Kari Irene Lien, Kringsjåvegen 264, 2618 Lillehammer- eller pr. telefon 928 20 534
Beste helsing Musica Sacra, v/Anne Karin Stormyr, leiar
FAKTURA
Merknad: Kontingent 12 Namn + beløp Betalt av:
............................................... ...............................................
Betalingsfrist: 15.mars 2012
Betalt til:
MUSICA SACRA, c/o Ung Kirkesang, Parkgata 64, 2325 Hamar
til konto: 3132.20.00238
Kr. ...............
|